barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Inger Lise Rypdal - En Spennende Dag For Josefine / Kontakt

Inger Lise Rypdal blir ofte kalla det beste frå Mjøstraktene. Frå den spede starten på medio 70-tal, gjennom det tunge brotet frå gitarhelt Terje, kalkunen Venner og Fiender som var så kontroversiell at sjølv reklamekanalsen nekta å senda serien, venskapen med KrF politikaren Lars Rise og GPhøjdaren Lady Di (skrive av Nissa Nyberget) ja, livet har sanneleg vore mangslunge for den vakre Mjøsdama. I seinare tid har ho fått konkurranse om misse-tittelen ved innsjøens noko slitne breidder av både handballbabe Gro Hammerseng men kanskje først og fremst vaksenfilm stjerne Gry Anita Brannhøleggen (med kunstnarnamnet Gry Paybacktime, sjå GryPB.se for nærare info om novelle- og kjærleiksfilmane).

I retrospekt har vi henta fram to viktige låtar frå Inger Lises sterke karriere. En spennende dag for Josefine tar opp i seg tidlege problem med omsyn til Globalisering, arbeidsinnvandring, sosial dumping og særskilt menneskehandel. Ho peikar på det vanskelege integreringsaspektet, sterke meiningar om det som er annaleis, dels sterkt overlappande med periferi skillelina slik det kanskje manifesterer seg nord for Stange.

I den kontrafaktiske men kjenslevare Kontakt mistenker vi frøken Rypdal for å ha knabba vel mykje frå hiten Sometimes when we touch (originalen hadde Dan Hill, men både R. Stewart og B. Tyler har framført låten med, men kanskje mest utan bravur). Det var eit heilt greitt mønster å setta om utanlandske slagarar til norsk (og svensk) både på 70- og ikkje minst 80-talet. Så vi kan ikkje arrestere korkje Inger Lise eller omsetjar Cort Sigwald for det. Låten korrigerar det unisone bilete den moderne verda har fått av den stereotypiske mannen som den kjenslelause tapande part i ein kvar relasjon der kjensler og djupdykk i sjela er prevalente. Inger Lise gjev låten monaleg ekvivalens i form av at rollene vert byta om, at det her er kvinna som er ute etter billig matchtrening, medan mannen er den som sit att med skjegget, postkassa og den greia han nettopp sjølv saga av treet. Redaksjonen er klår over at dette ei relativt fri tolking av låten, men vi er ikkje desto mindre sikre på at det er den einaste rette.

Vi ønskjer med dette ein av våre fremre artistar lukke til vidare i kampen for å fenga publikum, oppdriva sterke låtar, vinna tv-skjermen samt alltid framstå som eit av dei vakraste bileta vi har frå den magiske om litt forureina innsjøen der Skibladner har klappa til kai kanskje for siste gong.

mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt