barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Jostein Johansen - Shalabais

Me må berre konstatera at det fins lite litteratur på artisten. Ifølge Norwegian Country&Western Magazine vert han rekna som eit mystisk omgrep i sjangeren, lite viljug til å la seg intervjua, let heller musikken tala for seg. Eksemplisfisert her ved den eksellente låten Shalabais. Dialekten høyrer heime ein stad nord for Dovre, ifølge Helge Sandøy: Norsk Dialektkunnskap (Oslo, 1991). Politisk brodd mot det etablerte maktapparat, "statsminister fru Bajasso(?)", siktar truleg til landsmoder Gro, "no må reima strammes inn". Kanskje er den godaste Jostein tilhengar av ein minimal stat, ein såkalla nattvektarstat, meir etter California-modellen, der innbyggarane gjennom plebisitt sjølv avgjer kor mykje skatt ein skal betala, slik det faktisk vart gjort under den etterkvart svært så kjente guvernør Reagan seint på 70+-talet. Vel, JJ kan ha så mange slags motiv for musikken hans. Eit drivande godt refreng driv i alle høve låten.

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt