barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Arne og Claes - Far hold deg edru julaften

Spalten har tidligere fått både på og under pukkelen for ikke å ha nok bidrag på nynorsk. Vi vet det er langt igjen til 25 % er nådd, men vi har gravet dypt i lommeboka og hentet inn en av nynorskens mest lovende muzakskribenter, Jonny Finger fra... ooops - det fikk vi ikke lov å opplyse om (ennå). Uansett kan vi røpe at vår mann visst nok har hytte i Gassasundet - hvor nå i alle juledager det måtte være. Vi ønsker ham hjertelig velkommen i redaksjonen og drar prompte i gang (med kun et par anmerkninger fra redaktøren).

Ekte norsk julerealisme

At norske juletradisjonar ikkje alltid gagnar familieidyllen veit vel dei fleste. Arne og Claes har her laga ei enkel vise med ein svært enkelt bodskap om eit vanskeleg tema; far må la julesekstien stå innelåst i edruskapet julaften. Det er vel essensen i teksten og noko djupare analyse av denne ser eg på som direkte bortkasta tid både for lesarane og meldaren. Her finn du lite og ingenting mellom linjene. (ikkje ein gong linjeakevitt, red. anm.). Om bodskapen kjem fram er eg heller ikkje eithundreprosent sikker på (kva med 96? Red.anm.). Ein veit jo kor vanskeleg det kan vere å uttale følgjande etter nokre drammar: "Nei takk, eg vil ikkje ha ein drink til" eller "Nei takk, eg treng korkje pølse eller kebab".

Forma dei har valt med tostemt song og durharmoniar, minnar litt om radiofantomene Kurt Foss og Reidar Bø sine største hits som til dømes "De nære ting" og er ei sikker schlägeroppskrift, i alle fall for tidlegare generasjonar. Som eit ekstra verkemiddel legg dei orda i munnen på borna i familien, og i andre refrenget har dei fått med seg eit pikekor for å understreke dette. (Jævlane... snufs...). Visa er å finne på ei samleplate frå Universal Music (Norway) utgjeven i 1999 (sjå omslag). På denne finn ein dessutan andre store verk som Arnie Skiffle Joe med "Jælp Mæ Å Rime/Den Sensurerte Bært-Bært Visa", samt Trøste Og Bære med "Villto Sääppää Kyllää Mi"!!! Ein klassikar altså. Jul on!

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt