barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Jan Høiland feat Richard Clayderman - Ballad för Adeline

Vår nynorskfrontkjemper Jonny Finger er tilbake med melk og honning. På oppfordring nevner vi at Jonny er "froktbonde" frå Øvre Børve med markert lengre langfinger enn de fleste. Han er visstnok svært populær blant odelsjentene på Brattespe. Nok om det. Fra sin varierte platesamling har han plukket ut følgende sviskekompott.

Balladetoppmøte

Jau, du les riktig. Meierismørsongar Jan Høiland (sjå bilete) har gjeve ut plate i tett tango med muzakpianovirtuosen Richard Clayderman. Høiland fekk ein del merksemd i det norske easy-listeningmiljøet då han i 1989 gav ut plata "Ballad för Adeline" (CNR, 1989) (sjå nok eit bilete), m.a. akkompagnert av nemnte Clayderman. Eit høgdepunkt der er når Høyland tolkar tittellåta, Clayderman sin eigen komposisjon "Ballade Pour Adeline", tilsett ei høvande svensk tekstline.

Krølltoppen Jan fekk lys i håret fyrste gong 06.02.1939 i Stavanger, og sidan har han både fått innlagt ekstra røyrsystem i hjarta og hatt hjernedrypp. Han debuterte på Cafe Inger i Stavanger i 1957, akkompagnert av Finn Våland på piano. Hakk i hel følgte platedebuten «Det vil komme av seg selv»/«Dormi-dormi-dormi» (1958), den aller siste norske 78-skiva! Frå 1972 til 1983 var Høiland fast tilsett som musikkprodusent hjå Arne Bendiksen og gav ut sju LP-plater, og ei røys med singlar kor «En liten sang til deg» (1974) oppnådde gode listeplasseringar. Han produserte òg ei mengd plater for andre artistar, og hadde etterkvart hovudansvaret for suksess-serien Svensktoppar. Som toppartist sjølv, fall dette naturleg for Jan. Topp on!

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt