barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Vidar Sandbeck - Dakota-Kalle

Hardangerfjordens Jonny Finger slår her til med en dobbelgjenger - to sanger til prisen av null. Det er lenge siden vi har hørt fra redaksjonens nynorske freelancer - men her graver han i alle fall dypt for oss alle.

Eit jubileum

Før om åra då dei store atlanterhavskryssarane regjerte havet kom det frå tid til anna karar tilbake til gamlelandet som hadde vore i Amerika og fått med seg meir enn bananer heim til gards. Dei kunne ha både glitrande gulltenner og sylspisse sko. Då vart det liv i heimbygda og ein gjekk mann av huset for å skue på ein ekte amerikafarar. "Dem ville sjå på'n og ta på'n, dem ville klå på'n og dra på'n...", syng Vidar Sandbeck (sjå flott plateomslagsbilete).

Sandbeck hadde ein trong barndom og levde eit omskifteleg liv i yngre år. Han skal visstnok ha hatt 12 ulike jobbar før han fann lukka med tekst og tonar - og vonaleg ein smak av pengegaloppen. Det er i år 50 år (sic!) sidan Dakota-Kalle vart utgitt fyrste gongen. I ettertid er songen ypparleg tolka av Jan Eggum på CD'en «Gull i fra grønne skoger» - ein CD med nye tolkingar av kjente Sandbeck-viser (sjå nok eit flott plateomslagsbilete). Eggum tar forresten ein Treekrem, og dreg låten (eller båten) i retning Mexico. Det er i alle fall i nærleiken av Dakota. Vel unnt!

mp4 / mp4
nyeste artikkel / artikkeloversikt