barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Vengaboys - Boom Boom Boom vs. Zucchero/Paul Young - Sensa Una Donna

I den breide kategorien helsestudiomusikk har panelet i dag funne fram to klassikarar frå kvart sitt (helsestudio)tiår. Sams for fenomenet h.musikk er at den sjeldan er heilt ny, men snøggare akkurat så gamal at du ikkje lenger er skikkeleg lei den. På tidleg nittital var det Zucchero/Paul Young som brumma ut tor høgtalarane nede på Stud.sentret der apparattilfanget ikkje var det beste. Den manglande ventilasjonen, samt ikkje for nøye vasking var andre karakteristika av dette treningsholet. Sjarmen, det aldrande menn håpar skal gjera dei attraktive trass i stor(d)inntak, var sterkt tilstadeverande mellom benkane og mattene. Oppmuntrande roping i eit heller lite lokale hjalp alltid på motivasjonen.

2002 er det Vektergården som romar sterke karar og snedne damer (i tillegg til alle oss andre). Her er fassilitetane mange gongar betra samanlikna med tiåret før. Musikken ligg likevel eit par år etter standarden på studio. Spanske Vengaboys (merk uttale, V as B) summerer greit opp epokeskiftet. Ikkje den mest verbose låten, det er det sterke refrenget som dominerer verseføtene. "Boom*3, I want you in my room" gjev eit greit bilete på nye tida, den aukande framandgjeringa i samfunnet, den manglande politiseringa og vona om ein ny sterk leiar. I mellomtida får me nøya oss med helsestudio av mangslungen kvalitet samt musikken dei spelar der.

mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt