barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Nystogs - Bli med på fest

Teksten omhandlar den historisk viktige, stadig tilbakevendande og forsterkande konflikten mellom by og land. Restauranten har kome til bygda og den lokale kaillen (periferi) har inga moglegheit i møte med "vakta" (les:byen) i døra på den pene spisestaden. Nytt møter gamalt, kjent møter ukjent, det trygge må vika for det nye, konkurranseprega, heimebrenten for grøne drinkar med parasoll. Fortalt med ein morosam vri frå periferiens forsvarar (ikkje Rokkan denne gongen men telemarksbandet Nystogs).

Låtar med liknande tematikk: "Byen" (Zoo) og "Uptown Girl" (Billy Joel), "Arbeidsledighet" (Åge Aleksandersen) + eit knippe Geirr Lystrup grenstuvisur det slett ikkje er lett å memorera tittelen på.

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt