barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Scorpions - Winds Of Change

Muren er fallen og Düsseldorfbaserte (tilliks med Kraftwerk) Scorpions tek på seg ansvaret om å dedikera deira nyaste hymne til glasnost, perestrojka og den nye tida der aust møter vest, gamalt møter nytt, integrering sloss mot segregering. Rudolf Schenker, bassist og bror til Michael, ved hjelp av Klaus Meine, dvelar ved dei 20 millionane austtyskarne som bankar på FRG-døra, med von om gode tider, Wirtschaftswunder, byta ut Trabanten med BMW, verta kvitt det kommunistiske åket med krav om ei ny verd der individet sjølv får avgjera kva som er best og rett, der private trygdeordningar manifesterer det einaste sanne. Grundgesetz (1949) seier lite om rettane til austtyskarane og historia syner at det vart vel ikkje heilt slik dei håpa, korkje i Magdeburg eller Dresden. Merk Meine sin svært laaange men sterke plystreintro, forbilledleg der han går nedover Moskvaelva mot vidgjetne Gorkij-parken der så mange filmscenar har spela seg ut, og han kan i overført tyding høyra korleis stemninga i verda er i ferd med å snu seg, ja til ein plass der alle kan stå side om side som brør: "...the future's in the air I can feel it everywhere Blowing with the wind of change (...) where the children of tomorrow share their dreams...". Melodien er trass i eit uttrykk for ein klår politisk plattform ein av mange ballader frå sterkmetall-orkester, albuma ofte med namn som Gold Ballads.

For særskilt interesserte kjem grepa:

[C] [Dm] [C] [Dm] [Am] [G]
[C] [G] [Dm] [G]
[Am] [G]
[Am] [G] [Am] [G] [C] [Dm] [E]
[F] [G] [E] [Am] . . . [F] [G] [Am]
[F] [G] [E] [Am] . . . [Dm] [E]

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt