barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Scooter - Hit The Drum

Austtyskarane i Scooter (medlemmene opphavleg frå Halle, Dresden og Magdeburg) har sett seg lei på det massive, konforme presset frå deira nye landsmenn i vest. Deira tidlegare landsmenn sin kollektivistiske tankegong er byta ut med tankegodset til det nye Europa, individuell fridom, kjøpekraft, progresjon innan alle områder i samfunnet og ikkje minst innførsla av EURO. Det Erich Honecker (1912-94) hadde aksentuert som sanningar vart ikkje lengre det einaste rette. Det innoverande arbeidet same mann utførte som Sekretär des Nationalen Verteidigungsrates i perioden 1960-71, med vinn på dygder som arbeiderløn, like universelle rettar, kollektive sjukeordningar, fri inntil tre timar pr veke på for å lesa "Krig og Fred" av Tolstoj, synte seg lite lønsamt samanlikna med den nye kvardagen i tidlegare FRG.

Det Scooter gjennom teksten grip fatt i er sjølve essensen i den nye tida, krava, førestillingsverda og den vonde framandgjeringa dei finn seg att i uansett kor dei har vald ny heimplass, Niedersachsen, Saarland men ikkje minst Nordrein-Westfalen. Likevel, langt frå dei fleste flykta, dei vart verande i ghettoane der dei alle tider hadde budd. Det økonomiske åket, nedgongstider, Trabantar som ikkje ville starta medan særs store BMWar dundrar forbi, i spenninga mellom det kollektivet og det suvereniteten til individet, vart for mykje for mange tidlegare DDR-ideolgar. Det vart skjønt då Scooter uttrykte strofene ein før ikkje hadde våga håpa på: "...Allright! One more time we are ready to go, we are ready to go... So relax, feeling free, you can fly to the sky... So come on! Get up..." og deretter oppmodinga til dei frustrerte: "...are you ready 'cause we are ready to shake the nation with another creation...". Det nye kreasjonen, forma, er ein kontrarevolusjon, kanhende ein implosjon (på fagspråket), attende til den kvardagen som eksisterte i dei magdeburgske gater til -89.

Scooter fekk Willi Stoph-prisen i januar 2001. Denne kan grovt samanliknast med vår eigen "Fritt Ord"-pris. Bandet sin talsmann, Olaf Junghans, sa den gongen at Scooter sin nye neste låt skulle dedikerast til tankane kring eit nytt Ost-Imperium bygd på den tradisjonelle kommunistiske ideologien, ikkje vesentleg ulikt det Ottomanske. I Vest vert Scooter sett på som avvikande, difor vart deira konserten i Erfurt nyleg avlyst med referanse til paragraf 21, bokstav 3 i Grundgesetz (1949). Bandet har klaga inn avgjerda til menneskerettskommisjonen i Haag. Saka kjem opp til hausten, med vår eigen Eva Joly som ein av 46 dommarar. Inntil då får me gle oss over Scooter sine tekstar, deira nasjonale engasjement og endeleg trua på at det er anna enn marknadskreftene som kan gjera oss til betre menneske.

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt