barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Sengevæterane sine favorittar: Bruce Springsteen - Tougher than the rest / ZZ Top - Rough Boy

Hypotese: Pissing er eit populært søkeord på nettet men heller ukult i det verkelege livet, særskilt ufriviljug vatnlating om natta.

Bruce freistar ut hypotesa ved å ta tak i den einsame guten som tissar i senga om natta. Tilliks med austerrisk-engelske Karl Raymond Popper er falsifisering det einaste målet for Nevadaartisten. Guten det handlar om har vore ute ein time eller to før, hevdar han, det er inga hemmelegheit. Men han maktar ikkje mobbinga frå dei andre på rommet. Den einsame guten er tilhengar av Ny Økonomisk Verdsordning (NØV, Charta 77) men ofrar ikkje ei krone til dei årlege innsamlingane då han meinar pengane vert feil nytta. Held seg til kjærleiken, "so somebody ran out, left somebody`s heart in a mess. well, there is another dance, all You have to do is say yes. On their arm girls like a sweet-talking Romeo. Maybe Your other boyfriend couldn`t pass the test. Baby, I`m tougher than the rest". Tykkjer Cat Steven og Knut Faldbakken uttrykker seg svært godt. Ler saman med dei inkontinense "kameratane" av tullingane som er nøydd til å reisa i felten. Gret seg i seng kvar einaste natt men likar godt den gode maten på Nordvestlandet. Legg på seg 12 kg dei tre vekene han er nøydd til å vera vekke frå mor og hunden. Drøymer om ei karriere innan IT eller økonomi. Til dei andre seier han at Vernepleiar(høg?)skulen er eit bra alternativ. Skulle så gjerne gjort noko for den urettvise fordelinga i verda. Dyrkar hasj på rommet, seier til mor det er Aloe Vera.

Texastufta ZZ Top (ZX 81) freistar hypotesa ved å sjå for seg karen liggande i senga på Hustad med dei andre lekkasjeskada. Dei skal læra seg mot-/alternativt forsvar, vert det hevda frå sentralt sengevætarhald. KRon Devold eR skeptisk. Nektaren tenker meir på det gode draget han har på jentene der heime. Dei tykkjer han er ein forbilledleg "rough boy". Køyrer ofte 14issane heim i den gule Commodoren, 2.8l Ghia, >=16 ventilar. Har forbrøte seg eit par gongar men ein "lever jo barra en gang", slik det ofte vert hevda på Hinna. Skulle gjerne reist i felten men så var det dette med tissinga og dei nye sosiale relasjonane då "I got a chance of 1 in 3" men har meir problem med altruistiske "..I dont care how You look at me". Kameratane har ikkje merka noko til det stive plastlakenet på senga i barndomsheimen enno, sjølv ikkje etter nachspielet på rommet i fjor då mor ville servera vafler kl fire om morgonen til dei mange gutane. Har alltid vore ein prügelknabe men gjorde seg populær ved å selga far sine sterkesaker i ungdomskulealder. Far har alltid vore flau over meiningane til guten, samt den noko lute haldninga, den radikale ideologien. Alltid vore liten, kvisete, dårleg og feig i sport men god i språkfag og kunst & handverk. Har inga kjæreste men voner å få tak på halte Hilde innan eit års tid. Har eit godt lag med hunden henar, Peik. Dessutan likar ho språket hans, rein 5'ar frå nynorskeksamen då det var spørsmål om Arne Garborg og tvivlen hass, Haugtussa, Kolbotnbrev. Den tissande Hustadianaren hadde lese det meste av poeten.

mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt