barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Skurken - Aalesundsangen / Riff - Kjærlighet til Godset

I spalta Supportarsongar har vi kome til to lag frå vår nest mest fornemme liga, Nationwide. Sesongen har arta seg annleis enn forventa for båe, vil fleire enn mfdm-redaksjonen postulera. Drammensarane var favorittar til opprykk, Jostein Flo, mest i(nni) Oslo, kan plukka talent frå omlandet. Men dei har skuffa. Slit i ingemannsland. Det er då ei Guds lukke for Godset at gode supportarar kjem med ein så fyrrig og oppbyggjeleg stønadssong. Bandet Riff slår hardt, ja knallhardt, tilbake mot årleg negativ omtale frå Ivar Hoff & TV2. Med eit tilsynelatande tungt Satan-komp freistar dei rurale urbanistane frå Harryland å skræma bondesupportarar av andre lag. Likevel kan ein ikkje anna enn å verta rørt av refrenget der det på ein fin måte snakkast om rein kjærleik til by og lag. "...vi er Godsets barn, der er her vi kommer fra, Godsets jord...". Flo & co. treng slikt når 6. plassen er eit faktum i oktober og myrkret senkar seg over Bragernes Torg. Laget frå Møre derimot har overraska seg sjølv og andre. I skrivande stund har dei vel ikkje tapt på nærare 20 kampar. Opprykk ligg opp i dagen til gleide for m.a. regionsromantikaren Skurken, kjent frå diverse konsertar på hotellet i Hareid, Vikingen Pub og Skipet i Ulsteinvik og Neptun Stripp i Herøy. Han vil til fulle syna gjennom poesien sin kor glad han er for at AaFK er eit bra fotballag. Skurken rotar på nede i Åle-byen då han oppdagar han at det er kamp på (Krå)myra etter å ha "...kiiiika på klåkkaaaa...". Tek seg opp i pengebil medan han bannar "som æn præst"(?) i redsle for ikkje å å få sjå hæle kampen. Men Skurken treng ikkje fortvila, AaFK puttar jamnleg, den første etter fjorten sekund, dessutan skal dei til Ullevål til hausten. Låten bær preg av å vera originalt innspelt på kassett i studio til Cato Sanden, Strilalandet, men jammen passar innhaldet bra med røynda for årets AaFK-lag. Stø kurs mot eliten, eller frå Høddvoll til Molde om ein vil. Då får ein testa teoremet Skurken set fram og som vi håpar er sant; at Molde berre er til å le av. Dessutan heng Ålegutane framleis med i cupen, Skurken sin draum om Oslo i oktober, få bank av fulle trønders/nordlendingar relatert til herredøme på Scotsman (Karl Johan), fyllesjuk i kø utanfor Ullevål kan verta realisert. Merk det svært vanskelege refrenget, artisten treff sjeldan. Innhaldet kan stillast spørsmål med: "...å de va høie, kårte, lange, flate balla,(her vert det vanskeleg med takten, Skurk) å en så en runn, Heia Åle- heia Ålesund..." Til slutt vert Skurken sentimental i beste pengegenereringsstil då han gjerne vil takke "vårt kjære publikum". Til slutt ei lita anekdote om suksesstrenar Ivar Morten Nordmark. Ein i mfdm-red. debuterte som 16-åring på for eit stor(d)lag i Sunnhordlandsregionen. Motstandar var Brann som hadde henta den sleivkjefta nordlendingen frå B/Glimt. Det første han meldte til den nyssankomne var "Ka gjør du på bana"? Seinare vart han proff i Frankrike.... Støtt on!

mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt