barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Cat Stevens - The First Cut Is The Deepest / Susanna Hoffs - Unconditional Love / Haddaway - I Miss You

Lykjelord: Kjærleik/sex, statistikk, inferens, siste dans på lokalet, enkle men universelle tekstar.

Imamen av West Sussex, STEVEN DEMETIE GEORGIOU, fødd July 1947, har i heile si kunstnariske karriere vald å gå under det meir klingande namnet Cat Stevens. I denne openberringa av ein tekstkaskade legg han vinn på at det er den første seksuelle erfaringa som gjer sterkast inntrykk, godt kompa av bandet Traffic. Cat har sjølv lefla med det eine og den andre der både vått og tørt har snike seg innanfor skautet hass. Han manifesterer mannen sitt sanne "eg" gjennom verseføtene: "... I would have given you all of my heart, But there's someone who's torn it apart, And she's taken just all that I had, But if you want I'll try to love again, Baby I'll try to love again but I know... The first cut is the deepest, Baby I know the first cut is the deepest...". Til skilnad frå det andre kjønnet er vegen til bingen kort men diverre ikkje heilt utan komplikasjonar. "... I still want you by my side, Just to help me dry the tears that I've cried...And if you want I'll try to love again...". Fine følelsar frå ein sterk artist. Ein klassikar alle bygdeband med respekt for seg sjølv (og mannsidealet) kan grepa og teksten (i alle høve refrenget) til.

Susanna Hoffs har ideologisk ballast frå jentebandet Bangles. Ho aksentuerer, til skilnad frå Imamen, det noko rigide, stereotype bilete på kjenslelivet til gutar og jenter. Der gutar vil i bingen fortast mogleg held Hoffs monaleg vinn på dygder som følelsar, varme og intimitet men òg intensitet. På undersida ligg det likevel ei seksuell tilnærming: "... I wanna lie next to you, And I wanna do everything you want me to, But I'm not sure I know how. Put your arms around me now... When I feel you I surrender, oh Unconditional love...". Når ein leitar etter meiningsinnhald og kausale samanhengar i teksten vert ein gripe av omgrepet søken meir enn den etablerte sanninga, slik relasjonar fortonar seg for Steven Georgiou og andre. M.a. må ein så langt redaksjonen i denne spalta skjønar utføra ein tohala test for å kunna undersøka hypotesen "... It doesn't matter what I say, 'Cause it always seems you're taking me the wrong way... Oh, I ain't got no sense of direction...". Det er sannsynligheitar Susanna utifrå eigen erfaring (utval) postulerar. Derifrå til generalisering (for populasjonen/verda) ligg det ulike former for usikkerheit. Når ein sjølv manglar retningssans, korleis kan ein då koma over retningar i kjærleiken? Alfaområdet må leggast i båe halane av fordelinga (α / 2, vær obs på faren for Type 1 Feil, falsk forkast). I kva grad utvalet er normalfordelt vil ikkje redaksjonen koma nærare inn på, berre slå fast at det er noko biased. Låta er forøvrig skreve av kjente Cindy Lauper som på si side ein gong meinte at jenter berre var ute etter moro men samstundes søkte dei sanne fargane (signifikant med eit α - område på .001).

Nester Alexander Haddaway, Tobago, West Indies kan karakteriserast som "... a lightweight dance music artist... licensed to Arista Records from his German home at Coconut/Logic Records. Haddaway scored a huge crossover hit throughout Europe with the anthemic "What Is Love" in 1993, followed by the equally strident "Life"". I låta "I Miss You" lengtar Nester sterkt etter det som ein gong var, teksten nyttar retrospektiv metode for å foklara kor vanskeleg alt er blitt. Det er få, om nokre, seksuelle undertonar skildra i scenarioet, det går mest på kjensler (eller å få enderima til a matcha). Kan hende er det likevel von for vestinderen: "... saying sorry was a question of my pride... Pride can push aside a loving heart, In the end emotion has ruled my mind... And I'm asking for a second start...". Sjølv den hardaste man vert mjuk og føler seg liten når slik poesi gjer angrep på sjela.

mp3 / mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt