barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Too Far Gone - Zetor'n

Alle spalter med respekt for seg selv må ha gjesteartikler. For første gang presenterer her MFDM et eksternt bidrag. Forfatter er Ronny Ingebrigtsen fra Dalekvam. Vi lover et førsteklasses bidrag og knivskarpe analyser!

Traktorrock og markens grøde - Ein utagerande hyllest til landbruket og utvikling

"Too far gone" er eit countryrock-band frå Ler i Nord-Trøndelag. Dei er eit likandes band som på slutten av førre århundre laga ei hylling til jordbruket gjennom traktorrockpoesien. Dei er ikkje dei fyrste som har gjort suksess med skildringar av drifter og landbruket. Knut Hamsun fekk nobelprisen for det. Lat oss taka eit lite sidesprang og gå attende i litteraturen. Lat att augene og høyr for deg Tore Strømøy seia fylgjande:

Året er 1917, og i diktarboligen på Hamarøy strålar det ljos ut or glaset.

"Der går Isak og sår, intet annet enn en kvernkall av skikkelse, en kubbe. Han går i hjemmevirkede klær, ulla er av hans egne sauer, støvlene fra hans egne kalver og kjyr. Han går religiøst barhodet, mens han sår, øverst oppi hodet er han snau, men ellers skammelig hårrik, det står et hjul av hår og skjegg om hans hode. Det er Isak, markgreven. Han er markbo i sind og skinn og jordbruker uten nåde. En gjenoppstanden fra fortiden som peker fremtiden ut, en mand fra det første jordbruk, Landnåmsmann, ni hundrede år gammel og igjen dagens mann. Vokser her intet? Her vokser alt, mennesker, dyr og grøde. Isak Sår. Kveldsolen skinner på kornet, det stritter ut fra hans hånd i bue og synker som en gulddryft i jorden. Der kommer Sivert og skal horve, siden skal han rulle, så horver han igjen. Skogen og fjellene står og ser på, alt er høyhet og vælde, her er sammenheng og mål.

Så kommer kvælden."

(...) Det er blitt vår 1917, Knut Hamsun er nyss ferdig med å skriva "Markens Grøde". Too far gone - i ei tid lenge før bandet frå Trøndelag skulle entra scena, då var det ein mann som skulle leggja det poetiske grunnlaget for traktorrocken. Knut Hamsun tok med seg kone og barn og flytta frå Hamarøy dette året. Han kjøpte seg garden Nørholmen midtsommars 1918. Her brukte han traktoren for å tvinga myrene til å produsera ei dugeleg våronn. Bonden Isak i "Markens grøde" er heller ikkje framand til å ta i bruk moderne landbruksreidskaper etter kvart som dei kjem på marknaden. Det enkle liv er også eit liv i utvikling.

Det er neppe tilfeldig at "Too far gone" tematiserer traktoren og den mytiske naturen til dette vesenet: halvt bil og halvt spade, hakke og plog. Hesten var lenge den viktigaste trekkrafta i det norske jordbruket. Hestetalet auka fram til 1946, sjølv om dei fyrste traktorane kom til Noreg allereie i 1908. I 1946 byrja det å gå nedover på grunn av traktoriseringa - dette året vart også dei fyrste Zetorane satt i produksjon. I 1946 var det om lag 240.000 hestar i Norge. I 1959 var hestetalet meir enn halvert, og i 1969 var det berre 42.000 hestar att. Samstundes steig traktortalet frå ca 10.000 i 1949 til 45.000 i 1959 og til ca 90.000 i 1969. Innanfor norsk landbruk er Zetor-traktorane eit kjend varemerkje. Zetor'n blir produsert i Tsjekoslovakia av selskapet Zbrojovka. Dei vart under andre verdskrig tvangsovertatt av det tyske selskapet Flugzeugwerke Ostmark. Store delar av Zbrojovka produksjonsfasilitetane, i Brno distriktet i Vankova, vart øydelagd av allierte bomber under krigen. Men nyss etter at krigen var over starta ingeniøren F. Musil utviklinga av prototypen Zetor 25. Motokov Norge AS er importørar av Zetorar frå Tsjekkia i dag. Den nye Zetor-serien består av traktorar i klassen 60 til 115 Hk (Zetor 11641 UR III Fortera). Per 31. desember 2000 var det 16 998 Zetor traktorar i Noreg. Med ein Zetor 9540 kan ein nå ein toppfart på cirkca 40 Km/t.

Men eit aber er det med traktoren. Etter at traktoren overtok for hesten har pløyedybda auka og jorda vert pressa saman av tyngre maskiner. Dette fører til at større jordvolum vert forflytta, og materialet frå jordsmonnet vert spreidd i større grad. Samtidig ser ikkje bonde lenger kva som vert pløyd opp. Difor har talet på innleverte arkeologiske funn gått ned, sjølv om oldsaker truleg blir pløyd opp. Når ein større del av jorda vert forflytta blir også det lager som verner strukturar med kulturminner tynnare, og dei kan verta utsatt for skade ved neste pløying. Men lat no ikkje dette ta frå oss gleda av å nyta litt traktorrock ein gong i blant.

Legg merkje til at låten "Zetor'n" startar med rusing frå ein traktor. Dette er eit velkjent rocketriks og signaliserer at no blir det fart og liv (så heng dykk fast eller sleng dykk med i dansen). Olav (inkarnasjonen av Isak) sit på kjøkkenet sitt. Han feirer med ein Larsen Konjakk og kaffe at han har kjøpt seg ein ny Zetor. Spenninga i låta vert bygd opp med at han sit og venter på at folk skal koma å oppdaga at han har kjøpt seg ny traktor... Eit fengande refreng som høver seg godt til allsang på fest.

Blant kjennarar av stilen vert "Too far gone" rekna som det beste countryrock bandet i Noreg. Det heile starta med suksessinnspelinga av singelen "Zetor'n" i 1998, same år kom debut-plata med same namnet. Bandet har sidan 1998 solgt 30.000 plater og spelt på meir enn 300 konsertar land og strand rundt i Noreg. I media har bandet blitt karakterisert som eit av dei aller beste banda innanfor sin sjanger, og vart av ei avis kalla for "Festlokalets superstjerner".

Til slutt kjære Muzak-elskarar vil eg dela eit dikt med dykk, før de let danseføtene svinga seg til traktorrock:

Brum no min vakre traktor.
Det ligg upløygd mark framføre oss.
Vakre haugar og eng.
Or mold skal det veksa.

Brum no min fagre traktor.
Angen av diesel og pløygd frisk jord.
Mark så langt auga kan sjå.
Snart ropar matmor oss heim.

Brum on - det er helg!

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt