barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Reo Speedwagon - Can't Fight This Feeling

Høgreretta sympatiar og røyndomleg poesi på venstre-høgreaksen?

På byrjinga av 80-talet skylla (den første) høgrebølga over Vest-Europa og USA: Thatcher, Reagan, Willoch. Massen vart lei av genuint feilstyre på 70-talet, inflasjon, ja endog stagflasjon, ignoreringa av Milton Freedman sine nye ideear som aldri fekk fotfeste utanom i Singapore og andre NIC-land. I dag opplever me det same: Korrumpering av makt (oligarki), staten sitt einevelde, kvelande omfang på velferdsordningar, høge skattar og avgifter, kollektivet sin dominans over individet, dyr sprit, lange helskøar.

I ein slik æra dukka REO Speedwagon (frå staten Maine) opp på Republikanarane sitt landsmøte i 1980. Dei var del av ein bolk som hevda klassikaren Nosick sine markedsretta meiningar; mindre stat mindre skatt. Guvernør Reagan (California) var av om lag same meining: I 1977 heldt han folkerøysting om folket i staten verkeleg syntes det var rett å betala skatt i det heile (øyremerka skatt som støtta politi og National Rifle Accociation vart haldne utanfor som så ofte i republikanskleidde tingingar). Stemninga i sørvest var ikkje uventa klårt i tråd med guvernøren sine anbefalingar. Dei ville ikkje betala skatt. Gjennom m.a. denne saka vart Ronald republikanarane sin presidentkandidat i 1980.

Etter valsigeren skulle han halde den amerikanske skuta på rett kjøl. Ein utbrytarfløy som freista bli etablert som eige parti på partikonventa tidleg på 80-talet vart søkt danna av tidlegare (og seinare visepresident) Bob Doyle, Dennis Tueart og Malcolm Allison. Dei representerte det enno meir konservative, men næringsretta Nye Høgre. Den neo-liberale tilnærminga overskugga dels den konservative "Lov og Orden"- haldninga. Likevel er store delar av bodskåpen overlappande. Det var den ytterleggåande fløyen sin bodskap REO ville fremja med låten "Can't fight this feeling anymore".

Året er 2002 i Norge. Tingingane om budsjettet, som fleire enn TV2 har problem med å skjøna, har hamna i grøfta. Landets to største parti ligg an til å bli einige utan Bondevik eller Stoltenberg inni biltete. Far Right er vanskeleg å plassera på den tradisjonelle venstre-høgre aksen. Dei er for velferd, mindre skattar, betre skular, meir Sydenreiser og meir privat initativ. Ikkje rart dei tykte REO kunne står stå for underhaldninga på førre Landsmøte på Hell (N-Trøndelag). Og kvifor ikkje. Sjå berre:

I can`t fight these feeling any longer (politics`about feelings, affections)
And Yet I`m still afraid to let it flow
What started out as friendshid (i.e social class), has grown stronger
I only wish I had the strength to let it show


Misnøyen med det etablerte Establishment er fokusert samstundes som redsla for alt nytt vert aksentuert. REO vil vidare:

I tell myself that I can`t hold out forever
I said there is no reason for my fear
Cause I fell so secure when we`re together
You give my life direction
You make everything so clear


Den nye retninga er vanskeleg å plassera i tradisjonelle nemningar, og ja, Hagen talar til "folk flest".

And even as I wander
I`m keeping you in sight
You`re a candle in the window
On a cold, dark winter`s night
And I`m getting closer than I ever thought I might


Dette er bodskapen hjå Hagen, Jensen, Alvheim og Solholm. Ein har vandra i ein vantrivnad av offentleg stønad, fylkeskommunale skattar og universelle rettar. No kan ein få i pose og sekk. Dessutan: Kvifor veit ein ikkje best sjølv? Er Stoltenberg betre å få skuta på rett kjøl enn kvar og ein sjølv er det? La dei tala akademisk korrekt, men vanskeleg politikk. Carl & Co aksentuerer det folk forstår; meir av alt godt. Ljoset i myrkret (vindauga), sjølv dei fattigaste får (litt) meir i skattelette (om dei betalar skatt). Til slutt ein advarsel til akademikarane: De sit på Høgda og diskuterer uinteressante agendas. De har problem med å snakka med manen i gata. De stemmer på parti som er ute av kurs, nestleiarstrid; kvifor det? Hagen snakkar slik folk forstår han, REO sine tekstar er meir implisitte, likevel.

And I can`t fight this feelings anymore
I`ve forgotten what we started fighting for
It`s time to bring the ship into the store
and throw away the oars, forever


Det siste er eit spark til utflagginga tannlækjaren frå Vestfold og andre vil til livs. Ha det kosleg på Hulen med dei mange vekttala dykkar. FrP går på Solstrand for å lytta til store og små folkemeiningar.

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt