barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Mr Big - To Be With You

I den manglungne kategorien Politiche Spielen für die Muzak, har turen kome til tidleg 90-talstamburistane Mr Big og sterklåten To Be With You. I denne låten kritiserer dei den etterkvart sterke fluktasjonen hjå velgarmassen, eksemplifisert frå heimstaten West Carolina, men fenomenet kan likeså godt overførast til norske forhold. Med fluktasjon meiner Mr Big den svake viljen til å bli verande i den politiske leiren ein høyrer heime. At ein byter parti mange gongar i livet. Republikanarvenlege Mr Big dedikerte opphavleg teksten til den genuine kjærleiken dei følte til dåverande kandidat Ronald James Reagan før -88 valet, men sidan bandet var utan platekontrakt på denne tida måtte dei venta til -92 før albumet vart slept. Det kan hevdast at dei er noko seint ute, i høve til New Right-retninga ti år tidlegare, men ikkje destomindre syner ein høg intensitet i ønsket om å identifisera seg med kandidaten som står for politikken dei verdset aller høgast. Dei vil attende til Roosevelt-tida, dòg med motsett ideologisk forteikn, der son røysta med far og på bakgrunn av den sosiale klassen ein vaks inn i. Alt anna vert sett på som svik, både mot far og klassen. Kritikken mot denne tilnærminga vert aksentuert ved at kontakten mellom dei styrte og dei styrande vert noko emosjonell: "Why be alone when we can be together, baby? You can make my life worthwile, I can make you start to smile". Mr Big svarar på si side at politikk handlar om følelsar, affeksjon, utan innleving er politikk meiningslaus. Carolinabandet har hatt problem med å følga opp suksessen første gong framført ved Primaries i Delaware, september 1992. På ei anna side er dei republikanske strøymningane i Statane sterkare enn tidlegare, mykje takka vera bidrag frå band som Mr Big.

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt