barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Northern Lights - Tears Are Not Enough / Band Für Africa - Nackt Im Wind

I den breie kategorien Afrika-/stakkars negrar-låtar, har vi plukka fram to representative og gilde bidrag frå den rike verda til dei meir ubemidla noko lengre sør. Bakgrunnen for dette filantropisk-kapitalistiske prosjektet er den fryktelege svoltkatastrofen i Etiopia (tidl. Abyssinia, også kalla Uimperalisert Nord-Aust-Afrika i radikale studiesirklar tidleg på 1970-talet) midt på 1980-talet. Tørke, utidig marxist-leninistisk kommunisme og borgarkrig gjorde sitt til at kvite måtte trø til i Afrika igjen. Kva er då meir nærliggjande enn å dra i gong med eit "korn for vinyl"-prosjekt eller femti? Trass alt: Er ein kapitalistisk er det ikkje meir enn rett og rimeleg at ein får noko att for å hjelpa. For små kroner fekk folk muzak i bøtter og spann, og tvilsame popstjerner fekk helgengloriar og adelege titlar, i tillegg til godt samvit og oppblåste sjølvbilete. Ganske enkelt genialt. (Ei avsporing: Rykta seier at hjelpeplater også er aktuelle i høve til den oppsiglande Irak-krisa. Amerikanske strategar har tala for at inntektene frå A-sida skal gå til bombing medan inntektene frå B-sida skal gå til naudhjelp og oppbygging. Raffinementet er uslåeleg).

Dei mest kjende låtane innan denne sultsjangeren frå 1980-talet er sjølvsagt den amerikanske "We are the world" og den britiske "Do they know it's christmas?". Men muzak-klassikarar som dei er: Dei er litt oppbrukte og utspelte, til med no mest 20 år etter (låten vi eigentleg helst ville presentera er Stord Hjelpekor sitt bidrag: "Lat oss hjelpa". Men vinylplata er sjeldan og det har ikkje lukkast oss å få tak i ho. Om nokon av spaltelesarane kan hjelpa oss, skal dei få ei pakke firkorn og nokre proteinrike kjeks til takk). Men vi har plukka ut to andre bidrag frå kvar si kvite side av Atlanteren: Den kanadiske og den tyske hjelpelåten.

Sidan Canada ofte vert sett på som ein forlenga del av Midt-Vesten måtte kanadiarane gje ut låta si på "USA For Africa"-albumet. Dette svekka sjølvsagt det nasjonale imaget (som arvestjerna Fred. Olsen ville sagt), men blesten om låta vart sjølvsagt betre. Det er mannen bak OL låten frå Calgary 1988, David Foster og vår alles kjære og evigunge Bryan Adams som frontar prosjektet "Northern Lights", og som har snekra saman denne kaskaden av eit meistermuzakverk. Det er særskilt i det åttande verset, der Adams og andre syner rette minoritetshaldningar ved å retta seg mot dei fransktalande i Quebec, låta syner sitt sanne andlet. Indianarminoriteten får diverre lite heider, der dei sit lemlesta og alkoholiserte kringom i reservata, dei kallar. Her er det neppe tale om å "Bridge The Distance" eller "Change The World Forever". Men det var trass alt negrar i Afrika ein skulle hjelpa her; så får ein syngja om indianarar ein annan gong. Trass i at "We Are The World" vart ein noko større slager på verdsbasis, og difor genererte fleire Afrikagåver i form av proteinkjeks og varme tankar, haldt "Tears Are Not Enough" stand på listetopp i 47 veker i Toronto, rett nok på hausten -86 og våren -87. Bryan Adams, David Foster, Neil Young, Joni Mitchell og Oscar Peterson m.fl. gjorde sanneleg sitt.

Og om ikkje tårer skulle vera nok, så hjelper det å fokusera på biletet av sultne stakkarar som står nakne i vinden som uler over dei abyssinske slettene. "Nackt im Wind" er bidraget frå dei tyske humanistane i "Band Für Afrika". Med kjende deltakarar som (i alfabetisk rekkefylgje) Alphaville, BAP, Ina Deter, Extrabreit, Geier Sturzflug, Herbert Grönemeyer, Gitte Hänning, Hans Hartz, Hein Rudolf Kunze, George Kranz, Klaus Lage, Udo Lindenberg, Wolf Maahn, Peter Maffay, Ulla Meinecke, Marius Müller(!)-Westernhagen, Münchener Freiheit, Nena, Rheingold, Rodgau Monotones, Spider Murphy Gang, Spliff, Trio og Juliane Werding vert det sterke saker. Vinden brøler og uler, og dei tradisjonsrike filantropiske tyske rikingane hosta opp såpass med D-mark at låten nådde tredjeplassen på hitlistene i Vest-Tyskland i februar 1985. Det må i rettferda sitt namn også nemnast at det aust-tyske regimet også ytte sitt - heile 256 rådgjevarar vart sende for å få sving på det marxistiske byråkratiet i Etiopia.

I kva grad det gjekk slik dei kanadiske og tyske musikantane postulerte, lar vi lesarane og lydarane avgjera. I kva grad det globale gapet mellom det rike Nord og veike Sør er vorte mindre skal vi ikkje analysera i diakrone termar denne gongen. Berre tentativt konkludera at det er gripande låtar vi har med å gjera, der meiningsinnhaldet er initiert utifrå genuin altruistisk nestekjærleik og ein temporært humanisert kapitalisme frå ei litt naiv tid. Neste gong sulten gneg i lydartarmane og ein ikkje vil eta gulerøtene sine er det kanskje på plassen sin å spela gjennom desse songane for å utvida perspektivet. Musikk kan verka sterkare enn alternativa både fedonistar og roedeistar set opp. Hjelp on!

mp3 / tekst / mp3 / tekst
nyeste artikkel / artikkeloversikt