barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Terje Tysland Og Claudia Scott - Heile Livet For Dæ

Historia bak Heile Livet for dæ og artist Tysland er eit skremande bilete, ja mest ein allegori på alt det som var men ikkje er meir og heller ikkje er meint å vera. Som del av ei strålande trøndebølge på tidleg og seint 70-tal gjennom banda Prudence, Rigidity og One 2 Be vart det stille kring Tysland og hatten hans til fordel for meir meriterte Aleksandersen men òg nyfenomena TNT, Stage Dolls og Tindrum utover åttitalet. Det var berre på plassen sin at Tysland måtte slå tilbake, fryktelig hardt.

Gjennom teksten aksentuerer Namsenrockaren det mange, inkludert somme identifiserte ordmasturberande anmeldarar i mfdm-redaksjonen slit med i dagens postaltruistiske samfunn, evig truskap og grenselaus respekt for den einaste eine. Samliv er vanskeleg, ja vel, men ikkje så vanskeleg at det ikkje kan vare livet ut. Ein må gå i seg sjølv, "ganske stilt på den tia", for seinare kjem det dagar fylt av sol, kjærleik, iver, og til slutt det nypet ein ventar på månadsvis og som generer frævleiken i eit gjeve samfunn til ei kvar tid. Skilnad mellom kunsten og røynda er ikkje eksplisitt manifest hjå Tysland. Då (ex-)kona arrangerte 50- årsdag på Buskebråten Camping, ikkje langt frå Hommelvika, seint på nittitalet, rykte Lensmannsbetent Magne ut etter melding om bråk frå forrykte oppsitjarar. Betenten hadde som fleire andre neoliberalistar i politiet gått lei av artisten som manifesterte seg som idolet hass i tidleg ungdom, og hevda no meir dragspelorienterte einingar som DDE og unge, vakre damer, t.d. Heidi Hauge, Jenny Jenssen og Bente Lind. Han kjente att kona til Tysland og ba dei på forsiktig men jovial trøndersk om å halda fram festen ein annan stad slik at urinnvånarane på BB Camping kunne feriera i fred. Tysland fekk ein teleks om det urettvise høve og drog sporenstreks den lange ferda frå Namsos, retning campingen. Då han kom fram var betenten lite viljug til å diskutera saka med sitt gamle idol. Tysland var provosert, ikkje berre av den nedlatande haldninga Trøndepolitiet har synt heimebrentkulturen generelt, men særskilt måten kona og følgjet henar vart handsama på, at ein vert 50 berre ein gong er ikkje ein genuin floskel i denne samanheng. Han klappa til politimannen, noko ein ikkje gjer ustraffa korkje i Soweto, Los Angeles eller meir grissgrendte Trøndelagen.

"Heile Livet for dæ" fekk ein fortent renessanse, Tysland slepte singelen på nytt etter samfunnstenesta han vart pålagt. Her kunne den vakre historia slutta men etter nitidig kjeldegansking av kulørtprenta har redaksjonen oppdaga at Heile livet for dæ har fått eit mellombels men konkret, abrupt brot. Kona til Tysland har flytta ut! Heile livet for dæ er ikkje lenger det ideologiske tankegodset som vert aksentuert frå trøndsk hald. Tysland ser no etter sin gamle partnar, Salhusartisten Claudia Scott1, for om mogleg å realisera ein ny ballade, denne gong "1/2 Livet for dæ". Nyt den gode tonen, intermessoet av verseføter og den klagande, på grensa til sytande, røysta til ein av våre fremste artistar. Konkluderande trekk vi fram det kjente ordtaket Vegen blir til medan ein går, eller som Hamsun ville uttrykt seg, (men) Livet Lever.

mp3 / tekst
nyeste artikkel / artikkeloversikt