barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Zadnych Granic - Ich Troje / Stelios Konstantas - Feeling Alive

Austeuropeiske/Adriaterhav Grand Prix-låtar

Det er rett nok ei stund sidan GP-finalen gjekk av stapelen men jammen var det eit storvegs arrangement vi ikkje gløymer så lett, ein siger for fred og sæle, bort frå det vonde og uforståelege. Vår eigen smørsongar, Jostein Hasselgård gjorde det fin-fint, i alle høve så bra at vi får vera med også neste år. Vi hugsar dei russiske lesbene i tATu og dei kule, brune svenskane som ifølge den (nord)norske programleiaren var like sjarmerande som Ivar Bokhylle (kven no det skulle vera). For ikkje å gløyma vinnaren, "den sjuke mann i Europa" her gjenkjent ved den kvinnlege artisten Sertab Erener med Everyway That I Can.

I spalten skal vi derimot retta blikket mot to viktige men neglisjerte bidrag i same konkurranse. EU si nye stormakt, Polen, rettar ei forbilledleg hand mot den gamle fienden men svært viktige naboen i vest. Ved å utrykka halve teksten i Hoch-German termar, vil evigunge Zadnyc Granic aksentuera evige trusskapsband til den mektige naboen, ja kanskje er slett ikkje Prøyssen ein saga blott. Teksten ser for seg eit Europa utan grenser men med nedfelte minoritetsrettar i den konstitusjonen Giscard d'Estaing og dei andre no bør vera ferdig med. Sjå berre dei vakre verseføtene:
Keine Grenzen, keine Fahnen
von dort oben ist die Welt einfach nur schön
Keine Länder, keine Völker
keine Kriege kann man von dort oben sehŽn
Eller som det vert hevda i Wroklaw:
Kazdy z nas powinien dotrzec tam
By zrozumiec, ze w tej walce sensu brak
Zadnyc merka seg elles ut med dårleg skjult euro- og fredssymbolisme i GP-debuten, ein sjølvsydd dongerifrakk (!) med innfelte kvite duer. Han vil med dette hevda at krigane sitt Europa er over og at det jordbærplukkande folkeslaget snart vil ta over rolla som Lokomotivet (Leipzig) innan eit føderalt eller konføderalt Unionane sitt Europa.

I den same finalen tilbyr lett-songaren Selikos Konstantas ei heilt anna tilnærming fullstendig blotta for djupare meiningsinnhald. Etter ei lovande sitarinnleiing, der tankane går til seine kypriotiske kveldar og billeg Ouzo på øya der skillelinene jo er så sterke og samanfallande, initierer den populære kamaki eit slags kjærleiksforhold til ein eller fleire kjærestar, truleg av det temporære slaget. MFDM-redaksjonen tolkar tilnærminga til å vera retta mot det veike kjønn i eit samfunn der homofobi står like sterkt som Frp-haldningane i den postkulturelle norske kvardagen, og berre ei antydning om at Selikos skulle støtta samkjønna stamping, ville gjeve anklagaren ein trippel-Schanche. For å underbygga feite nord-europearar sine fordommar mot det meir ubemidla sør stilte Konstantas opp med opptil fleire lettkledde, mistenkeleg blonde, unge damer i følgjet sitt. Dessutan er det ikkje eit definitivt bidrag i den etterkvart utvatna nord-sør debatten å stilla i skinnbukser og med heilt open skjorte. Nok om denne, vi rundar av med å nemna at Stelios er den femte mest populære songaren på Kypros og at han nyleg har gjort turne på øyane Ios og (anti)Paros, truleg med opptil fleire stupfulle nordmenn blant dei skodelystne. Heilt til slutt presenterer vi eit vers der ein ikkje treng vera særskilt langskalla for å sjå at oppattaking er eit sentralt verkemedel hjå kyprioten som utan vanskar skreiv tekst og fann melodi til låten heilt på eiga hand:
Give me your hand
Give me your smile
Give me your kiss, baby, please just be mine
I need your love
I need you tonight
I've waited for you, baby, all of my life - all of my life  
mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt