barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Nazareth - Dream On / John Parr - St Elmos Fire

Frå median 80-tal hentar redaksjonen to filmlåtar med sterk meiningsinnhald. "Dream On" framført av skottane i Nazareth er henta frå filmen "Ralph" (1983). Hovudpersonen (forbilledleg lemleggjort av Adam Thomson) er ein uheldig gut frå det ihioeske kornland. Familien flyttar til Kansas og Ralph vert sporenstreks forelska i skulens vakraste, Kirsty (Rita van der Laan, kjent frå Fargo, Tango & Cash, Tilbake til framtiden III) utan at responsen er trykkande. Kirsty er derimot forelska i kokainleverandør og badboy Mike (Vinnie Vincent, kjent frå ein kortare peroiode i Kiss). Adam sine sterke interesser, filateli og programmering, gjer han til ein subtil tapar i det knallharde high-school miljøet. Men han veit råd. Han byter bort sitt mest verdifulle frimerke og kjøper ein diger Motoguzzi 750 yi for pengane. Han slår slemme Mike i "chicken race" og dreg inn i solnedgangen med ei stoffri Kirsty etter dei paradoksale nazarteske verseføtene.

John Parr skreiv sitt til no einaste kjente bidrag til filmen St Elmos Fire (1985). Innhaldet kjenner vi alle, Judd, Rob, Andrew (Andy), Demi og dei andre 80-talsheltane lagar ei suppe av eit råte manuskript med alvorlege undertonar. Filmen er så vidt betre enn "Breakfast Club" men på håret slått av "Lakki - gutten som kunne fly" (W&W). Så vidt redaksjonen lar seg erindra var det ei djup dobbelttyding knyta til St Elmos Fire, både ein fysisk plass og eit metafysisk mål. Merk Parr si fine forståing av "underneath-beneath"-problematikken samt den implisitte men samstundes integrerte følelsen av kåtskap som følger ungdom i denne alderen.

mp3 / mp3 / tekst / tekst
nyeste artikkel / artikkeloversikt