barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Stage Dolls - Soldier's Gun / Love Don't Bother Me

I serien Trønderock er turen kome til dei tynne i pudlane i Stage Dolls. Mange trudde stordomstida var over for Torstein Flakne & Co medio 1990 men sanninga er ei anna: 2003 vart røyndomleg eit fantastisk år for scenedokkene. Platinaplate og over 50.000 selde Cd'en "Good Times" og over 60 konsertar i det vidstrakte anomali-landet. Stage Dolls er i desse dagar godt i gong med ny plateinnspeling. Hymna som på overflata ser ut til å omhandla soldaten sin genuine kjærleik til sin einaste sanne ven, våpenet, kom like etter at det tidlege boybandet The Kids vart oppløyst i 1982. Torstein Flakne, som verkeleg hadde gjort seg gjeldande som Norsktoppgjengangar gjennom lyrikken til nemnte Kids, trødde ut av teen-bandet og gjekk saman med Erlend Antonsen (erstatta av Terje Krokstad i 1985) og Terje Storli inn i Stage Dolls. I kva grad band-byte utgjer eit kvantesprang for unge Flakne let vi her ligga, men vi ønsker å slå fast at Stage Dolls har gjort seg gjedlande særskilt i dei områda som vert dekt av Nidaros, Sør- og Nord-Halogaland bispedøme. Men, i 1989 vart Stage Dolls lansert i det amerikanske og nådde 46 på Bilboard- (singel) lista med råsterke "Love Cries". Det er ikkje overraskande at Torstein hentar inspirasjonen sin frå særskilt Aerosmith men òg Stones. Låten "Love don't bother me" er frå den andre bølga av trøndskinspirert rock på byrjinga av 90-talet frå albumet "Stripped". Scenevante dokker var i ferd med å mista taket på det kjernetrøndske publikum. I 1992 fekk Terje Krokstad nok av den stendige samanlikninga med Charlie Watts og forlot bandet. Men Stage Dolls har for vane å slå tilbake, frykteleg hardt: Somaren 1994 vart "Hard to Say Goodbye" ei skikkeleg landeplage og kåra til beste låt i august av Radio GaGa. Når vi avslutningsvis legg til at Flakne har bidratt på m.a. storleikar som Sanne Salamonsen og Morten Harket sine plater skjønar ein at vi har å gjera med eit evigvarande fenomen med gyldigheit langt utanfor inntrøndske stepper.

mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt