barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Shakira - Undernearth Your Clothes

Colombianske Shakira lokkar oss med lette tonar og påkledning samt minimalt meiningsinnhald i verseføtene. Men kven visste at agitasjonen er eit uttrykk for sann kjærleik for politisk doktrine...

Shakira Mebarak kjem frå lutfattige kår i byen lengst nord i Colombia, Baranquilla (ikkje langt frå nasjonalparkane). Ho kjempa seg gjennom ein alt anna enn enkel barndom, m.a. 21 born i syskenflokken og i periodar 50 menneske buande i ei ikkje altfor stor termohytte. I ein kortare periode på 80-talet reiste Shakira og mora rundt med eit sirkus, m.a. kjent for den gule tigeren Pastrana. Men lukka skulle snu for den lettkledde men særs folkelege artisten. Ho har slått seg opp til supermegastar (Numero ono) i heimlandet, i den noko ubemidla verdsdelen, ja endog i det fråtsande, feite nord har artisten fått eit fortent gjennombrot som ein hybrid av Britney og Christina Aguillera. At engelsk diksjon framleis er av det slaget anglo-saxarar ville kalla "evolving" er ikkje av signifikant tyding så lenge artisten sel i bøtter og spann og sper på eit BNP som i perioden 1987-94 var så skakkøyrt at det berre hadde Venezuela bak seg på Latinoindexen.

I låten Underneath Your Clothes tek ho utgangspunkt i den sterke kjærleiken ho føler for president Álvaro Uribe og det folkeleg-ortodokse styret han nedfelte etter valsigeren i 2002. Colombias, for mange kjent utelukkande gjennom kokain, gerilja, konservativ neo-nepotisme Carlos Valderama og ein heller kraftig nordaustleg vind, tvang gjennom det nye styret fram lover og dygder der alle samfunnsgrupper vert teken vare på, ma. prova gjennom ekstensive trygdeordningar i tobakksindustrien og gode fleksitidsavtalar for reinhaldsverket. Dessutan er landet no blant topp-3 på forpliktelsar andsynes Koyoto-avtalen og har innført eit omfattande program for bevaring av regnskog og miljøet elles (indianarane førebels ikkje nemnt i rammeavtala). Også nordmenn har latt seg overtyda over den negative trenda som er så kraftig på retur: Tidlegare miljøminister Brende var så imponert over det Uribe og partiet hass hadde fått til at han eit augneblink gløymte den konservative førestillingverda si og braut ut i hasardiøs trampeklapp under presidenten sin tale til folket på 9.Noviembre plassen, Bogota 2003.

Attende til velmeinande Shakira frå Baranquilla og hyllinga hennar for presidenten og det nye agenda i heimlandet. Ho legg i superlåten beslag på Uribe sine inste eigedelar og gjer krav på territoriet som dekkar sjela hass. Under kleda til Álvaro fins den uendelege historia som har ført landet ut av "det kvite mjølets" elende og inn ein sann kvardag der universelle rettar, von om utviklinga av økologiske jordbruksprodukt, gode AFP-ordningar, mange og billege barnehageplassar, arbeid til alle og mindre skatt ser ut til å sikra ein ny periode for president Uribe frå 2006 (då står det berre att å endra grunnlova slik at ein slik Second Term vert legal). I Shakira har presidenten ein sann lagspelar som er med og driv ei allereie særs lovande utvikling ytterlegare framover. Ei romanse mellom landet sine store idoliserte ikon ville utan tvil fått folk ut i gatene i enno større enn under legendariske Dociente Quimbra - paraden i 1953 og Katorce Trabarro-festivalen 14 år seinare.

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt