barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Zoo - Du ekje her

Forbilledleg frå Storkmarknes sine einaste sanne heltar. Brotet er eit faktum, guten sit att med vonde følelsar etter at dama er fòren. Kvifor ho reiste er uklårt (det vert antyda eit noko utsvevande liv, dessutan må guten forandra gemyttet sitt?!). Klassiske tema som lengt, sakn, einsemd, anger. Alt bygd opp kring Ketil si såre stemme, med sterk koring av Kari Gjærum og Håkon Iversen der det måtte passa, samt eit volumiøst og svulstig refreng som lar tankane trekkja oss til "Sammen for livet" og den noko betre parodien "Sammen på livet".

mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt