barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Heart - All I Wanna Do Is Making Love To You / These Dreams / Barracuda / Stranded

Systrene Wilson (Heart) - særs viktige kollektive bidrag i ei kald flyktig verd der individualismens klamme tyranni framstår som den prevalente ideologi

Dei to eingong så smekre systrene Ann og Nancy Wilson er no vortne vaksne (særskilt har alderen tynga Ann gjennom den vonde hofta, operasjonen gjekk føre seg i -97, og det til tider dalande humøret). Systrene held framleis dampen oppe, men det er særskilt frå medio 80-tal me hugsar dei viktige tekstane og melodiøse refrenga frå dei røffe men absolutt sexy kanadiarane. Spalta presenterer i dag for første gong eit fire-spors bidrag for alle fan av dei hese systrene.

Det er kan hende særskilt den alvorstunge låten med den lange tittelen "All I Wanna Do Is Make Love To You" som grip ved noko langt inne i oss. Der Nancy legg ut på ein heller tvilsam liggjetur er der ikkje ønsket om ein snarleg orgasme (eller tre) som driv ho, men det genuine kravet for ei kvar ekte kvinne om å få bli mor. Sjølv om hennar temporære elskar "...brougth the women in me, so many times easely..." så er det "...you can imagine his surprise when his see his own eyes...I say please, please, understand, I`m in love with another man, and what he couldn`t give (uhu-hu) was the one thing that you can..." Nancy & Ann kasta med dette ein brannfakkel inn i den allereie oppheita debatten kring freisterøyr, kunstig frukting og det noko meir dubiøse kravet om homofil (fjern)adopsjon som særskilt var aktuelt i frankofile Quebec på haustparten -86.

Miljøet i bandet har gått gjennom tallause relasjonelle fasar sidan starten tidleg på 70-talet. Nancy var tidlegare kjæraste med gitarist Roger Fisher. Kjærleiken tok etterkvart slutt mellom i alle høve ein av dei to gitaristane, Roger er i dag lukkeleg gift med Rita van Voessen, dei har to born og er busett i Gary, Illionois. Nancy har sidan hatt såkalla affærer med produsent Mike Flicker og tv-stjerna Kim Delaney. Følelsane er enno ikkje så sterke som dei var for gitarist Roger, men Nancy framstår i dag utan tvil som ei sterk kvinne i sin beste alder (ATLASMEDIAS, 21.05.03, pp.4).

I låten "These Dreams" er systrene på krigsstien att med von og krav om oppreisinga av hevdvunne, samt nye rettar for indianarane kringom i dei (dåverande) 1 041 reservata i Nord-Amerika. Det er otta over den stadige framandgjeringa, mindreverdskjensle og den infinitte elongeringa av elende til særskilt Siouxindianarane i den nemnte Quebec-regionen dei politisk engasjerte systrene vil til livs. Nancy har ein draum om at ting kan endrast til bate for samvitet til den kvite mannen, gjera bot på det Kipling kalla "White man`s Burden", sterkt kora av Ann. Men ein lyt iverksetta sterke, harde og gjennomgripande tiltak for å nå indianaren innanfor den etterkvart tjukke skodda av billeg sprit (W&M).

Dei siste låtane frå systrene, "Barracuda" og "Stranded" er vanskelegare å få tak på gjennom neohermeneutiske termar. Redaksjonen vil nøya seg med å slå fast at dette truleg er tekstar som tar for seg såkalla overlappande skiljeliner i det kanadiske samfunnet. Desse tverrgåande skiljelinene er rekna for å vera langt farlegare enn dei kryssande av den enkle grunn at dei opptrer overlappande og eskalerer eksisterande, ofte naturleg skilje. For Canada sin del er det særskilt region (fransk-engelsk) og språk som vert rekna for å utgjera dei manifeste og viktigaste skiljene i samfunnet. Å finna samfunnsmekanismar som bøter på slik grunnleggande usemje har synt seg empirisk vanskeleg. Ofte vert nedfelte konstitusjonelle rettar for minoritetar sett på som ei varig løysing med godt resultat. Ei anna tilnærming er den systrene Wilson og deira mellombelse kjærestar aksentuerer: 1) å la det vera kunsten si primære oppgåve å stadig minna folk på kva for urettvise som til ei kvar tid fins i samfunnet, og 2) gjennom nydeleg versekunst få massane til å engasjera seg i den viktige debatten

mp3 / mp3 / mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt