barx.org presenterer

Muzak für die Massen

The Eagles - The Last Resort / Milli Vanilli - I'm Gonna Miss You

Det sivile samfunn - kva vert gjort for urfolket?

I spalta har vi tidlegare gjennom retrospeksjon fokusert på kva dels særs godlynte initierte prosjekt og tankar har gjort og ikkje gjort for dei vidtfemnande omgrepet minoritetar. Omgrepet har eit teoretisk distinkt uttrykk men kan vera vanskeleg å operasjonalisera til empiriske termar. Kva er røyndomleg ein minoritet? Ein raudhåra mann på over to meter og 43 kg, med tilhald i Undredal sokn, overtydd av ei konservativ ankring og von om Lavakonsert på samfunnshuset kring Olsok?! Vi skal la det omgrepsmessige liggja denne gongen og berre slå tentativt fast at all verda sine urfolk ofte vert sett på som minoritetar. Ikkje berre av styresmaktene kringom i landa, men òg gjennom multilaterale, og ikkje minst overnasjonale, konvensjonar og traktatar.

I våre diakrone og synkrone analysar av meiningsinnhald og enderim har vi i spalta særskilt fokusert indianarane sine rettar, plikter og dygder ("virtues"). M.a. har dei kanadiske systrene Heart og den søramerikanske diva, Shakira Mebarak, gjeve viktige kollektive bidrag i ei flyktig men til dei grader kjenslenær verd, der ein i stadig større mon let marknaden styra som genuin ideologisk tumleplass. Er det i dag noko reelt alternativ til marknadstufta leiing og styring?

Denne gongen skal vi gjennom dei ørsmå brilleglasa, ofte skrudd nokre knepp for mykje til høgre, til neoliberalistar sjå på det som ligg mellom marknaden og staten på eit såkalla lineært kontinuum. Dette mellomverande vert somme tider kalla det sivile samfunn (somme tider kalla den friviljuge eller 3 sektor). Det sivile samfunnet romar alle friviljuge samanslutningar - frå familien, nabolaget, idrettslaget og vellag til allmennyttige stiftingar, humanitære, religiøse, politiske og ideelle organisasjonar. Det sivile samfunnet gjev folk tilhøyrsle, tryggleik og velferd, kort fortalt eit meiningsbærande liv uttalt i idiografiske termar (www.civita.no). 

Tilliks med marknaden er det sivile samfunn tufta på det friviljuge element, men til forskjell for marknaden er ikkje dette (alltid) kommersielt grunna. Gjennom det sivile samfunnet samarbeider ein om sams interesser og mål, og ein tar vare på dei som til ei kvar tid treng hjelp. Det er altså den friviljuge delen av det sivile samfunnet vi ønskjer å undersøka gjennom våre empiriske analysar i dette avsnittet.

Og her er vi inne i kjernen av våre melankolske, men prevalent - eksplorerande analysar: Kva har den tredje sektor gjeve urfolket? Vi avgrensar også denne gjennomgangen til indianarane. Empirien er denne gongen henta frå verseføtene til The Eagles/Don Henley og Milli Vanilli.

I låten "The Last Resort" tar Don/Eagles på ein heller brei basis opp den nedrige utnyttinga den kvite mann har utsett urfolket for. Teksten er rett nok avgrensa til eit (av mange) Rhode Island reservoar, nemleg kjente Providence. Eit kuriosum er her at minister Børge Brende har vitja denne oppsamlingsplassen, og vart sporenstreks rørt over den mishandlinga urfolket vart utsett for. Han gløymte eit augneblink den konservative idealverda si og brast ut i krampegråt, trass i at denne utviklinga berre stadfestar den konservative grunnleggjande ide om at "for at nokon skal få det betre, må andre få det verre", altså eit såkalla nullsum-spel (her tangerer vi det Nobelprisvinnar Kipling kalla "The White Mans' Burden"!

Etter ei heller lang innleiing kor historia vert presentert i hermeneutiske, men likevel noko singulære termar, vektlegg The Eagles den rolla den tredje sektor kan og lyt ha som lim mellom minoritetar og staten. Staten er meir minimal "Over There" enn den norske "vogge-til-grav" - ekvivalenten, og det er eit aksentuert krav i Kongressen (båe kammer), m.a. gjennom George Bush sr, sine "temporary Amendment" at den tredje sektor har vide fullmakter "on behalf of authorities..:", i alle fall ved samanlikning med den norske friviljuge sektor. Teksten er, slik vi forstår den, meint som ein kritikk mot det manglande engasjement den friviljuge sektor har synt urfolket på makronivå, særskilt indianarane på det amerikanske fastland eksemplifisert her i på ein forskildrande måte gjennom stoda i og historia til Providence:

" Then the chilly winds blew down, Across the desert
through the canyons of the coast, to the Malibu
Where the pretty people play, hungry for power
to light their neon way and give them things to do"


Låten vert skriven nokre år før drifta av reservoar vert sett ut på anbud ("outsourcing") gjennom den første høgrebølgja, og er difor ikkje retta direkte mot den dårlege driftinga til staten, men heller mot at sivilsamfunnet ikkje grip inn i den urettvise handsaminga mot den amerikanske minoritet nr.1.

I det andre empiriske døme tar Milli Vanilli (beståande av Fabrice Morvan og no avdøydde Rob Pilatus, truleg av ein overdose sterkstoff på eit hotellrom i Frankfurt, juni 1998) eit knallhardt oppgjer med den tredje sektor. Teksten vert opphavleg sett fram som 18 einhala konkrete hypotesar retta direkte mot dei friviljuge organisasjonar, men etter press frå produsenten vart dette omgjort til ein genuin kjærleiksballade, eller meir korrekt: Forsmådd kjærleik ("hjerte smerte"). Men innhaldet er framleis kvass som ein (indianar)knivegg. Det er særskilt dei tronge vilkåra for vitjingstider i oppsamlingsanstaltane, dårlege sanitære høve, urett historieskriving ("sigerherrane si forteljing") og dubiøse innhaldskriterie i morsmålsundervisninga som vert vektlagt frå duoen.

Er det reliabelt å skulda inn den tredje sektor ved avdekking slike feil og manglar? Ja, utan tvil, meinar Milli (Vanilli). Etter at den statlege drifta spela fallitt var det ei friviljug organisasjon som dels over driftinga av reservata i byen og staten Milli tek føre seg (Lincoln, Arizona). Dette gjekk bra ei stund, men snudde seg då eigarane gjekk til Wall Street med aksjane til stiftinga med von om meir effektivitet og høgare lønsemd. Anar vi ein parallell til det eingong idealistsike norske prosjektet: "Stifinner`n", og meir generelt, privatisering av barnevernet i den norske kontekst?! Dei krasse Vanilliutsegna treff beint i ryggmargen på den tredje sektor generelt og særskilt den friviljuge verksemda som ofte er meint godt, men med uintenderte (aggregerte) konsekvensar.

Ved desse verseføtene får vi eit innblikk i privatisering av velferdsstaten. Ein altruistisk og god tanke får lite heldige konsekvensar når driftinga vert prega av New Public Management- krava om mål- og resultatstyring, auka lønsemd, effektivitet, stykkpris, ja beint fram usikre arbeidsplassar. Det skjer noko med dei tilsette når tryggleiken vert borte. Dei det går utover er dei trengjande, brukarane av dei så ofte altfor knappe gode. Stat eller privat, kva er mest dugande? Kva veit vi, dei to tekstane vektlegg det konkrete skjeringspunktet, den tredje sektor, og utfordringar knytt opp mot denne?

mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt