barx.org presenterer

Muzak für die Massen

Joshua Kadison - Jessie / Peter Cetera and Amy Grant - Next Time I Fall In Love

Det har i lengre tid vore tale om urettvis fordeling av goder i verda i muzak - spalta. Mange ser ut til å gløyma dette i ei tid der høgkonjunktur rådar, ribbefettet skvulpar og eggelikøren er relativt berre halve prisen av det Anders Lange i si tid måtte ut med, understreker vi nok ein muzak - bidrag som betrar vilkåra for nestekjærleik, ettertanke og ein draum om Ny Økonomisk Verdsordning, ikkje vesensulik den Charta77 påropa seg og verda ein gong midt på syttitalet.

Joshua Kadison presenterte sin til no einaste hit (utanfor Lincoln, Arizona) gjennom John Denver sin klassikar "Jessie". Låten tek utgangspunkt i den urett urfolket har fått servert av supranasjonale einingar i tida etter Stalin, Josef. Det er særskilt samar i (noverande) Russland og busetjinga heilt nord i området som går under namnet Karelen bidraget rettar seg mot. Låten er ein allegori der parallellen til det sviket Jessie gjer mot forteljarstemma og katten Moses (draumen om "...a trailer by the sea... We can go to Mexico...") vert sett som eit uttrykk for Sovjesamveldet sitt doble samtidige press mot både Kaukasus men kanskje mest retta mot sitt eige urfolk, samane, samt kystfiskarane i Karelen.

Peter Cetera (ex. Chicago) overraska heile den kritiske venstresida, m.a. i Rolling Stone - redaksjonen, då han saman med Amy Grant tok tak i faremomenta kring samanfallende skilleliner i Canada gjennom låten "Next Time I Fall in Love" frå 1986. Det er som før nemnt i spalta region og språk som gjensidig forsterkar einannan på ein asymetrisk måte i dette store samansette konglomeratet. Det er som vi før har peika på urinnvånarane som får ein enno tøffare kvardag. Kruttet signert Cetera/Grant viser til korleis forholda kunne, og burde, vore lagt til rette på annan måte i det nordamerikanske. "Så ulikt denne Cetera!", var kritikken men òg undringa etter dette "Next Time..." som kom like i etterkant av den sterk kritiserte epos "Karate Kid II" der Cetera hadde fleire kutt tidlegare på året -86. Men det skulle ikkje gå lenge før artisten var attende i same sjanger att (forøvrig "Only Love Knows Why").

Nyt desse to ideologisk viktige bidraga og tenk litt over kva DU kan bidra med i ei kjøleg verd, der det altruistiske element vert stadig mindre viktig. Sjølvsentreringa, det somme kallar, lommeboktenking, er det bærande aksiom i ei tid der skilnadane mellom grupper berre vert større og større. Og nedst finn dei som var først ute, millionar av urinnvånarar kringom i ei bekymra verd.

mp3 / mp3
nyeste artikkel / artikkeloversikt